Utdanningsmessa 2012
Utdanningsmessa
for Sunnhordland er ei årleg messe for elevar i
avgangsklassane på ungdomsskule og i videregåande
skulane i Sunnhordland.

Vårt mål med messa, er å gje elevane ei god, variert
og informativ presentasjon av ulike utdanningsvegar og
arbeidsplasser, slik at dei kan gjera eit godt val til
framtidig utdanning.
Utdanningsmessa for
Sunnhordland er ein særs viktig arena for dei som vil
marknadsføra seg mot ungdom som står føre val av
utdanning og yrke. Det har også vore stor interesse frå
utstillarar som ønskjer å profilera seg med aktiv
informasjon mot elevane.
Messa kan også vera
viktig for bedrifter å knyta kontakter med aktuelle
lærlinger.
Den årlege
Utdanningsmessa for Sunnhordland i 2012, vert arrangert
for 22. gong på Stord Idrettspark, Vikahaugane
på Leirvik 25. januar og 26. januar 2012.
I 2012 er det påmeldt
tilsaman 2.881 elevar frå 7
kommunar i Sunnhordland. Dette er 183
fleire elevar enn i 2011.
Det er påmeldt tilsaman 60
utstillarar som er ein auke på 4 frå
2011.
Påmeldingskjema
kan ein få ved å henvenda seg til:
Robert Halleraker tlf. 41 21 12 75 eller
epost: rhallera@c2i.net
Påmeldingskjema finn ein her
Påmeldingsfrist
Messa i 2011 hadde tilsaman 56
utstillarar. Utstillarane var vidaregåande skular,
høgskular, universitet, folkehøgskular,
Opplæringskontor, offentlege institusjonar, kommunar,
Hordaland Fylkeskommune og NAV var representert, og ein
del sentrale bedrifter i distriktet.
Messa vart besøkt av tilsaman 2.698 elevar og
omlag 300 lærarar. I tillegg
reknar vi med at det var ca. 600 andre interesserte innom
messa. Elevane kom frå ungdomsskular og vidaregåande
skular i 7 kommunar - Fitjar, Tysnes,
Bømlo, Stord, Kvinnherad, Etne og Sveio.

Det var i år med 4 ungdomsbedrifter, 2 av desse kom frå
Bømlo Vidaregåande skule, 1 frå Fitjar Vidaregåande
skule og 1 frå Kvinnherad Vidaregåande skule.
Bømlo Vidaregåande skule presenterte eit prosjekt der
dei skulle laga eit magasin der dei ville marknadsføra
Bømlo Kommune sett frå unge augo. Det var utruleg
engasjerte ungdomar som i framtida vil bli gode
ambasadører for Bømlo Kommune. Den andre frå Bømlo
vgs hadde teskjorter på programmet, Fitjar vgs
presenterte matvarer laga av lokale råvarer -
Fitjarpoteta, sjølvsagt var eitt av produktene
potetkake.
Kvinnherad
vgs presenterte ein lommekniv for jenter i motsetnad til
ein vanleg lommekniv.
Alle
Ungdomsbedriftene fekk kr. 500 i premie frå
Utdanningsmessa.
Utdanningsstipendet
På messa vart det også
utdelt eit Utdanningstipend på kr. 25.000.
Utdanningsstipendet vert sponsa av SKL.

Den som fekk stipendet i
2011 var Svein Roger Koppang. Han er
frå Sagvåg i Stord kommune. Han studerer til
mastergraden i musikk i Manchester. I tillegg tek han
timar i trompetspeling i Stavanger. Han arbeider også
som lærar ved Stord Kulturskule.
Utan eit aktivt kulturliv i dag, vil næringslivet døy i
morgon sa direktør Asbjørn Tverrdal i SKL Nett as. Med
dette meiner han at kulturliv og næringsliv er gjensidig
avhengig av kvarandre.
Tidlegare
vinnarar:
2000: Per Gunnar Fjelldal - marinbiologi
og fiskeoppdrett
2001: Andrè Nerheim - EU studier
2002: Geir Andrè Bakke - informatikk og
data
2003: Olve Nyhammer - kiropraktikk
2004: Torstein Leth - HMS ingeniør
2005: Eva Bjønnes - naturgeografi
2006: Charlotte Hystad, Håkon Harrystad, Eivind
Sørheim - arkitektur
2007: Julie Berger - fysioterapi
2008: Katrine Borgenvik - kunstnar
2009: Silje Framnes - grafisk design
2010: Katie Evans Lothe - siviløkonom
2011: Svein Roger Koppang - musikar
Beste Stand
Kvart år vert det lyst ut
ein konkurranse for Beste stand. I 2011 vart Ytre
Sunnhordland Opplæringskontor sin stand kåra til
Beste stand.
Gjennom flere år har
Utdanningsmessa for Sunnhordland vært en arena der
ungdom i hele distriktet har fått anledning til å møte
mulige fremtidige arbeidsgivere. Mange har her fått råd
og tips om fremtidig yrkesvalg, og på flere måter fått
en avklaring på det store spørsmålet: Hva skal jeg
bli??
Arrangør for
utdanningsmessa er Stord Rotaryklubb.
Mål for messa:
- å gje deg
sjanse til å snakka med representantar frå
ulike skular og yrke
- å gje deg innsikt
i kva utdanningsvegar som finnest
- å gje deg
kunnskap om krav til dei ulike yrka
Til deg som er elev
i grunnskule og vidaregåande skule i Sunnhordland
Målgruppa
for messa:
- ungdomsskuleelevar
(9. og 10.klasse)
- elevar i
videregåande skule
- studentar,
rådgjevarar, lærarar
- arbeidslause
- foreldre
Utstillarar
på stand:
- videregåande skular
- utdanningsinstitusjonar
- andre institusjonar
og organisasjonar
- bedrifter
Lukke til med
utdanningsvalet!
|