Miniseminar 2014

Invitasjon til miniseminar – Utdanningsmessa 29. januar 2014
Samarbeid Skule – Arbeidsliv inviterer til miniseminar i samband med Utdanningsmessa på Vikahaugane 29. januar.

Det er femte året ”Samarbeid skule – arbeidsliv” arrangert miniseminar under Utdanningsmessa. Målsetjinga med seminaret er å komma i direkte dialog med rådgjevarar, lærarar, skuleeigarar og næringslivet og kommunisera både forventningar og konkrete tiltak for å nå målsetjingane for samarbeid mellom skule og arbeidslivet.

Fokus i år er sett på kva krav og forventningar som vert stilt til framtidas arbeidstakarar, og korleis karriererettleiing skal setja eleven i stand til å gjera gode og trygge val.

Me har fått med oss HR/HMS sjef Lene Holm Grasdal ved Apply Leirvik og direktør Reidun Rasmussen Mjør ved Stord Sjukehus. Representantar frå to verksemder i regionen, som vil verta arbeidsplassen til mange av dagens unge.

Tema karriererettleiing vert lagt opp som ein dialog mellom prosjektleiar UE Nina Østensjø Borrevik, og dagleg leiar SNR Anne-Grete Sandtorv.

Tid: kl. 14.30 – 16.00 i Auditoriet – Stord Idrettspark, Vikahaugane

Program:
Kl. 14.30  Velkommen v/Anne-Grete Sandtorv, leiar AU Samarbeid Skule- Arbeidsliv/SNR
Kl. 14.40  Kva krav og forventningar vert stilt til framtidas arbeidstakarar

• HR/HMS sjef Lene Holm Grasdal – Apply Leirvik – (30 min)
• Direktør Reidun Rasmussen Mjør – Somatisk klinikk Stord, Stord Sjukehus – (30 min)

Kl. 15.40  Karriererettleiing – kva påverkar eleven sine val?

• Ein dialog mellom prosjektleiar UE Nina Østensjø Borrevik, dagleg leiar SNR Anne-Grete Sandtorv
og publikum

Kl. 16.10  Avslutning 

For påmelding send ein mail til Nina på nina.borrevik@ue.no eller til Anne-Grete på post@stordnaeringsraad.no

Arrangementet er gratis! Vel møtt!

 

Med helsing

Anne-Grete Sandtorv                                                 Nina Østensjø Borrevik
Leiar AU Samarbeid Skule Arbeidsliv/SNR                 Ungt Entreprenørskap – Sekretariat
Mob. 901 45 458                                                       Mob. 926 60 776

Comments are closed.