Profilering annonsørar 2020

SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE TIL UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND MED PROFILERING PÅ NETTSIDENE VÅRE                                                                                                                                                                                                                                                                                                   Stord Rotaryklubb skal arrangere Utdanningsmessa for Sunnhordland onsdag 22. og torsdag 23. januar 2020 og dette vert den 30. messe i rekkja. Vårt mål med messa er å arrangere ein treffstad der ungdom i regionen vår kan få møte representantar frå ulike verksemder og utdanningsinstitusjonar før dei skal gjere sine yrkes-og studieval. Utdanningsmessa vil etter vår meining, redusere antal elevar som gjer feilval og bidra til at fråfallet i vidaregåande skule vert mindre.

Utdanningsmessa vert avvikla i Idrettshallen på Vikahaugane, Leirvik og samlar omlag 2500 elevar frå avgangsklassane i ungdomsskule og elevar i vidaregåande skule frå 6 kommunar i Sunnhordland.   I tillegg kjem det omlag 200 lærarar, meir enn 65 utstillarar frå ulike verksemder, skular og høgskular/universitet og omlag 800 andre publikum til messa. For å kunne gjennomføre arrangementet utfører medlemmene i Stord Rotaryklubb meir enn 1200 dugnadstimar.

Utdanningsmessa for Sunnhordland treng også ein trygg økonomisk plattform. Derfor søkjer me om økonomisk støtte og samarbeid med Dykkar verksemd der me kan tilby følgjande:

  1. Profilering av verksemda Dykkar fram til 1. januar 2021 på alle våre nettsider med link til verksemda si heimeside. Avtaleperioden startar straks De takkar ja til tilbodet vårt.
  2. Presentasjon av verksemda i messeavisa til Utdanningsmessa for Sunnhordland.
  3. Profilering av verksemda under messedagane på scenen, i messehallen og på ein stor info-tv på stand nr. 1 – Stord Rotaryklubb. Verksemda vert også invitert med ein representant til den offisielle opninga og presselunsjen i ”Idrettstova” som er onsdag 23. januar.
  4. Verksemda kan få presentert vinnarar av konkurranse som utstillar har under messa på nettsidene etter messa er avslutt.
  5. Pris for heile profileringspakken i eitt år (2020) er kr. 5.000,-, + 25 % mva. Verksemda Dykkar kostar i tillegg logo til bakveggen på scenen men denne kostanden vert kun 1. året om ikkje verksemda skifter til ny logo. Pris for logo er kr. 450,- + 25 % mva. Fakturering skjer i januar 2020 om ikkje anna vert avtala.                  

Me vonar verksemda Dykkar vil ta del i eit samarbeid med Utdanningsmessa for Sunnhordland i 2020 til beste for ungdommane våre som skal gjere sitt viktige yrkes-og studieval for framtida.             

Vil De støtte oss økonomisk og ta del i Profileringspakken, ta kontakt med nettansvaleg for messa Geirmund Mæland mob. 412 74 563 eller underteikna så ordnar me det praktiske omkring dette.

Viser ellers til nettsida vår: www.utdanningsmessa.no

Med helsing

Robert Halleråker
Prosjektleiar Utdanningsmessa for Sunnhordland

                                                                                Stord Rotaryklubb     

 

 

 

 

 

 

 

 

Comments are closed.