Ungdomssatsing

rotaryyouth

         

Rotary sin ungdomssatsing – nye generasjonar !

 

Ungdomsutveksling
Ungdomsutvekslingen er ein del av Rotary si internasjonale teneste og har som mål å fremma forståing mellom ulike land og kulturar. Ungdomsutvekslinga skjer på ungdomsleirar eller ved 1 års skulegang på highschool/videregåande skule. Studentane på 1 års utveksling skal være mellom 16 og 18 år når dei reiser ut. Studentane må godkjennast av ein Rotaryklubb (sponsorklubb) og av DYEO i Rotarydistriktet. Når ein student reiser ut, kjem det samtidig ein student fra utlandet tilbake til oss. Sponsorklubb/utsendarklubb må stille som vertsklubb for studenten som kjem. Vanlegvis skjer utvekslinga fra distrikt til distrikt, slik at studenten som kjem inn, kjem frå det samme landet som klubben sender ut ein student til.Rotary International har innført sertifiseringsordning som omhandlar alle som er involvert i ein utveksling, vertsfamilie, klubb og distrikt. Distrikt som ikkje utfører godkjend sertifiseringsordning, vil bli tatt bort frå Rotary si liste over utvekslingsdistrikt. Alle Rotarydistrikta i Noreg er godkjend og sertifisert gjennom Multidistrict Norway.

Studiestipend (Ambassadorial Scholarships).
1-årig akademisk- eller 1-2 års ”degree-orientert” studie i eit anna land, 3-6 måneder språk/kulturstudie.

Rotary World Peace Scholarships.
2-årig stipend for å studere ved eit av 7 utvalde universitet som i partnerskap med TRF har etablert studieopplegg for internasjonale forhold, konfliktløysing og fredsarbeid. Kvart distrikt kan sende inn ein søknad som deltar i den internasjonale konkurransen om å få eit av de ca.60 stipenda som vert delt ut kvart år. Distriktet sin søknadsfrist til TRF er 1. juli. Klubbane i vårt distrikt har frist til 1. juni med å sende søknader til distriktet sin TRF ansvarlig.

Stipend for universitetslærere (Rotary Grants for University Teachers).
3-5 eller 6-10 månader undervisning i spesielle fag ved universitet i eit utviklingsland.

Georgia stipendiet.
1 års stipend ved College/universitet i Georgia.

Georgia takkestipend.
Oppretta av NORFO i 1970 for studentar frå Staten Georgia, USA. 3 studentar vert inviterte kvart år til Oslo Internasjonale sommerskule ved UiO

RYLA
RYLA står for Rotary Youth Leadership Award, Rotary sitt leiarseminar for ungdom. Målgruppa er ungdom av begge kjønn i alderen 19-24 år (i nokre tilfelle 18 – 35 år) som har vist initiativ, evner og vilje til sosialt medansvar ved å være leiarar innan speiding, musikkorps, elevråd, student-organisasjonar og potensielle framtidige leiarar.

GSE
Group Studie Exchange (GSE) er eit av Rotary sine beste og mest interessante programmer. Målgruppa er unge yrkesutøvarar, nyleg ferdige med si utdanning, og som har vært nokre år i praktisk arbeid. Gruppa vert sett sammen av 4 – 5 personar (ikke-rotarianere) med ulik yrkesbakgrunn og får med seg ein erfaren rotarianar som gruppeleiar. Rotarydistriktet avtalar ein utveksling med eit distrikt i eit anna Rotaryland. Dette distriktet set sammen ei tilsvarande gruppe, som kjem hit. Deltakarane skal være mellom 25 og 40 år.   

Dei som ynskjer meir informasjon, kan kontakte Stord Rotaryklubb.

Comments are closed.