Utdanningsmessa 2014

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ei årleg messe for elevar i avgangsklassane på ungdomsskule og i videregåande skulane i Sunnhordland.

AKHjermann
Utdanningsdirektør Anne K. Hjermann opna Utdanningsmessa 2014

Målet vårt med messa er å gje elevane informasjon om ulike utdanningsvegar, enten det gjeld høgare utdanning eller fagutdanning innan ulike yrke. Rotary representerer ei rekkje ulike fag- og yrkesgrupper og me har mykje erfaring å kunne gje til dei utdanningssøkjande ungdommane. Med prosjektet ”Utdanningsmessa i Sunnhordland” meiner me klart at me får leve opp til mottoet for organisasjonen vår; ”å gagne andre”.

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ein særs viktig arena for dei som vil marknadsføra seg mot ungdom som står føre val av utdanning og yrke. Det har også vore stor interesse frå utstillarar som ønskjer å profilera seg med aktiv informasjon mot elevane.
Messa er også viktig for verksemder som ynskjer å knytte kontakt med aktuelle lærlingar.

Messa kan også vera viktig for bedrifter å knyta kontakter med aktuelle lærlinger.

Utstillingslokalet
Frå utstillingslokale

Den årlege Utdanningsmessa for Sunnhordland i 2014, vert arrangert for 24. gong på Stord Idrettspark, Vikahaugane på Leirvik 29. januar og 30. januar 2014.

I 2014 var det påmeldt 2.771 elevar frå kommunar i Sunnhordland og det var 61 utstillarar på messa.

Påmeldingskjema kan ein få ved å henvenda seg til:
Robert Halleraker tlf. 41 21 12 75 eller
epost: 
roberthalleraker@me.com

Messa i 2012 hadde til sammen 60 utstillarar. Dei var frå vidaregåande skular, høgskular, universitet, folkehøgskular, Hordaland Fylkeskommune, NAV og  ulike verksemder i sunnhordlandsregionen. Messa vart besøkt av nær 2900 elevar.  Me reknar med at meir enn 4000 personar var deltok på messa.

Elevane kom frå ungdomsskular og vidaregåande skular i 7 kommunar – Fitjar, Tysnes, Bømlo, Stord, Kvinnherad, Etne og Sveio

Ungdomsbedrifter – Ungt Entreprenørskap
På messa i 2014 deltok det 5 ungdomsbedrifter.

Ungdomsbedrift
Ungdomsbedrifter

Utdanningsstipendet
På messa vart det også utdelt eit Utdanningstipend på kr. 25.000.

Utdanningsstipendet vert sponsa av SKL

Stipend
Tom Stien mottek Utdanningsstipendet frå adm.dir Magne Heimvik SKL og president Gjertrud Husøy, Stord Rotaryklubb

Utdanningsstipendet for 2014 vart tildelt Tom Stien. Han er 27 år og er frå Stord. Han har Mastergrad i musikkutøving frå Griegakademiet i Bergen. Han arbeider i dag som musikkpedagog i kulturskulen. Samstundes har han utvikla si eiga musikkverksemd.  Han er sjølvlært gitarbyggjar og har byggd over 30 gitarar.

Tidlegare vinnarar:
2000: Per Gunnar Fjelldal – marinbiologi og fiskeoppdrett
2001: Andrè Nerheim – EU studier
2002: Geir Andrè Bakke – informatikk og data
2003: Olve Nyhammer – kiropraktikk
2004: Torstein Leth – HMS ingeniør
2005: Eva Bjønnes – naturgeografi
2006: Charlotte Hystad, Håkon Harrystad, Eivind Sørheim – arkitektur
2007: Julie Berger – fysioterapi
2008: Katrine Borgenvik – kunstnar
2009: Silje Framnes – grafisk design
2010: Katie Evans Lothe – siviløkonom
2011: Svein Roger Koppang – musikarKF
2012: Nils Eivind Horneland – arkitektur
2013: Kine Johnsen – medisinsk kjernefysikk og kreftbehandling
2014: Tom Stien – gitarbyggjar

Beste Stand
Kvart år vert det lyst ut ein konkurranse for Beste stand. I 2014 vart Bømlo Vatn og avlaup  sin stand kåra til Beste stand.

Gjennom flere år har Utdanningsmessa for Sunnhordland vært en arena der ungdom i hele distriktet har fått anledning til å møte mulige fremtidige arbeidsgivere. Mange har her fått råd og tips om fremtidig yrkesval, og på flere måter fått en avklaring på det store spørsmålet: Hva skal jeg bli??

Arrangør for utdanningsmessa er Stord Rotaryklubb.

Mål for messa:

  • å gje deg sjanse til å snakka med representantar frå ulike skular og yrke
  • å gje deg innsikt i kva utdanningsvegar som finnest
  • å gje deg kunnskap om krav til dei ulike yrka

Til deg som er elev i grunnskule og vidaregåande skule i Sunnhordland

Målgruppa for messa:

  • ungdomsskuleelevar (9. og 10.klasse)
  • elevar i videregåande skule
  • studentar, rådgjevarar, lærarar
  • arbeidslause
  • foreldre

Utstillarar på stand:

  • videregåande skular
  • utdanningsinstitusjonar
  • andre institusjonar og organisasjonar
  • bedrifter

Lukke til med utdanningsvalet!

Comments are closed.