Utdanningsmessa 2016

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ei årleg messe for avgangselevane i ungdomsskule og elevar i videregåande skule og som høyrer til i sunnhordlandsregionen. Kommande Utdanningsmesse er den 26. i rekkja, og vert arrangert i Stord Idrettspark, Vikahaugane 27. og 28. januar 2016.

Målet med messa er å gje elevane informasjon om ulike utdanningsvegar, enten det gjeld høgare
utdanning eller fagutdanning innan ulike yrke.

Medlemmene i klubben vår representerer ei rekkje ulike fag-og yrkesgrupper og den kompetanse me representerer i desse faga, ynskjer me å formidle vidare til ungdommane. Med prosjektet ”Utdanningsmessa for Sunnhordland” får Stord Rotaryklubb leve opp til sitt motto; ”å gagne andre”.

Utdanningsmessa er også ein særs viktig arena for dei som ynskjer å marknadsføre sine fag og sitt skuletilbud til ungdom som skal gjere val av utdanning og yrke, det er stor interesse frå utstillarane å få ta del i messa og ei rekkje verksemder knytter kontaktar med tanke på framtidige lærlingar.

Under messedagane vert det delt ut eit Utdanningsstipend på kr. 25.000,-, (sjå fane STIPEND), premiering av beste stand, beste skule ved innlevering av elevoppgåve og ein av elevane som leverer inn oppgåve vert trekt ut til å vinne ein sykkel til ein verdi av kr. 4.000,-Ungt Entrepenørskap er også representert på messa. Dei har med seg nye, spanande produkt og viser eit stort engasjement for ideane sine.

Detaljert messeprogram finn ein under fane PROGRAM 2016

Comments are closed.