Utdanningsmessa 2016

 

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ei årleg messe for avgangselevane i ungdomsskule og elevar i videregåande skule som høyrer til i sunnhordland-regionen. Kommande Utdanningsmesse er den 26. i rekkja og vert arranger i Stord Idrettspark, Vikahaugane, Stord 27.og 28.jan. 2016.

Målet vårt med messa er å gje elevane informasjon om ulike fag-og utdanningsvegar enten det gjeld høgare utdanning eller fagutdanning innan ulike yrke.

Medlemmene i Stord Rotaryklubb representerer ulike fag-og yrkesgrupper og den kompetanse som dei representerer, ynskjer ein å formidle vidare til elevar i regionen vår.
Med prosjektet ”Utdanningsmessa for Sunnhordland” får Stord Rotaryklubb leve opp til sitt motto; ”Å gagne andre”.

Utdanningsmessa for Sunnhordland er også ein særs viktig arena for dei som ynskjer å marknadsføre sitt skuletilbud og sine fag til elevar som snart skal gjere val av utdanning og yrke. Det er også stor interesse frå utstillarane å få ta del i messa vår og ei rekkje verksemder knytter kontaktar med tanke på lærlingar i framtida.

Under messedagane vert det delt ut eit utdanningsstipend pålydande   kr. 25.000 som er sponsa av SKL. (sjå fane STIPEND) Det vert også premiering av beste stand og beste skule som har levert inn elevoppgåver. Ein av elevane vert trekt ut til å vinne ein sykkel til ein verdi av kr. 4.000.

Ungt Entreprenørskap er også representert på messa med mange ungdomsverksemder.  Dei har med seg nye, spennande produkter og viser eit stort engasjement for idèane sine.

Detaljert messeprogram finn ein under fane PROGRAM 2016

Nettsidene til Utdanningsmessa for Sunnhordland vert oppdatert fram mot messedagane.

Comments are closed.