Utdanningsmessa 2018

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ei årleg messe som Stord Rotaryklubb arrangerer for avgangselevane i ungdomsskule og elevar i videregåande skule og som er heimehøyrande i sunnhordlandsregionen. Kommande messe er den 27. i rekkja, og vert arrangert i Stord Idrettspark, Vikahaugane 23. og 24. januar 2018

 

Målet med messa er å gje elevane informasjon om ulike utdanningsvegar, enten det gjeld høgare utdanning eller fagutdanning innan ulike yrke.

Medlemmene i Rotaryklubben representerer ei rekkje ulike fag-og yrkesgrupper og den kompetanse me representerer i faga ynskjer me å formidle vidare til ungdommane. Med prosjektet ”Utdanningsmessa for Sunnhordland” får Stord Rotaryklubb leve opp til sitt motto; ”Å gagne andre”.

Messa er også ein særs viktig arena for dei som ynskjer å marknadsføre sine fag og sitt skuletilbod til ungdom som skal gjere val av utdanning og yrke. Det er også stor interesse frå utstillarane om å få ta del i messa då mange av dei knytter kontaktar med framtidige lærlingar.

 

Under den offisielle opninga av messa vert det delt ut eit Utdanningsstipend på kr. 35.000,- (sjå fane STIPEND), premiering av beste stand 2017, beste skule ved innlevering av elevoppgåver 2017 og ein av elevane som leverer inn oppgåve vert trekt ut til å vinne ein sykkel til ein verdi av kr. 4.000,-.

 

Når detaljert messeprogram er klart, finn ein dette under fana PROGRAM 2018

Comments are closed.