Invitasjon skular

Sponsorar

INVITASJON TIL Å BESØKJE

UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND 2024

Den årlege Utdanningsmessa for Sunnhordland vert arrangert for 31. gong i Stord Idrettspark, Vikahaugane, onsdag 24. og torsdag 25. januar 2024 og skulen Dykkar vert med dette invitert til å vitja messa ein av desse to dagane. Kvar klasse vil få 2 klokketimar til rådvelde i messehallen.

Me reknar med at omlag 2700 elevar og lærarar frå ungdomskular og vidaregåande skulane i Sunnhordland kjem innom messa og dei vert fordelt over begge dagane. Sidan me har trong for å leige inn transportør for å frakte ein del elevar til/frå messa, vil dette til ein viss grad bli styrande for kva dag og tid skulen dykkar får besøkje messa.

Gratis elevtransport gjeld elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule som treng busstransport til /frå messa.

Ynskjer som den enkelte skule har, vil me så langt det lar seg gjere ta omsyn til.

Åpningstidene for messa vert:         

  • Ons. 24. jan.    kl. 09.00 – 14.00 
  • Tor. 25. jan.     kl. 09.00 – 14.00

Messa er open for publikum i opningstida begge messedagane.

Påmelding innan onsdag 15. november 2023.

Det er særs viktig at skulane held påmeldingsfristen sidan me skal innhente anbod på elevtransporten frå fleire transportørar.

Sidan Stord Rotary Klubb sjølv utfører sekretærteneste til messa ber me om at alle spørsmål om messa vert retta til Kurt Grundvold – mobil 99118950 eller e-post: utdanningsmessa@hotmail.com

Velkommen til Utdanningsmessa for Sunnhordland 2024

Med helsing

Kurt Grundvold

Posjektleiar Utdanningsmessa for Sunnhordland