Sponsorar

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ei årleg messe som Stord Rotary Klubb arrangerer for avgangselevane i ungdomsskule og elevar i videregåande skule og som er heimehøyrande i Sunnhordlandsregionen. Kommande messe er den 32. i rekkja, og vert arrangert i Stord Idrettspark, Vikahaugane onsdag 24. og torsdag 25. januar 2024.

Målet med messa er å gje elevane informasjon om ulike utdanningsvegar, enten det gjeld høgare utdanning eller fagutdanning innan ulike yrke.

Medlemmene i Stord Rotary Klubb representerer ei rekkje ulike fag- og yrkesgrupper og den kompetanse me representerer i faga ynskjer me å formidle vidare til ungdommane. Med prosjektet ”Utdanningsmessa for Sunnhordland” får Stord Rotary Klubb leve opp til sitt motto; ”Å gagne andre”.

Messa er også ein særs viktig arena for dei som ynskjer å marknadsføre sine fag og sitt skuletilbod til ungdom som skal gjere val av utdanning og yrke. Det er også stor interesse frå utstillarane om å få ta del i messa då mange av dei knytter kontaktar med framtidige lærlingar.

Under den offisielle opninga av messa vert det delt ut eit Utdanningsstipend på kr. 50.000,- (sjå fane STIPEND), premiering av beste stand, beste skule ved innlevering av elevoppgåver og 2 av elevane som leverer inn elevoppgåve vert trekt ut til å vinne eit gåvekort til ein verdi av kr. 4.000,-.

Når detaljert messeprogram er klart, finn ein dette under fana PROGRAM