Invitasjon utstillarar

Sponsorar

De vert med dette invitert som utstillar til den årlege Utdanningsmessa for Sunnhordland i regi av Stord Rotary Klubb. Dette blir den 32. messe i rekkja som klubben arrangerer.

Messa vert onsdag 24. og torsdag 25. januar 2024 i Stord Idrettspark, Leirvik

Omlag 2.700 elevar og lærarar frå ungdomskular og dei vidaregåande skulane i Sunnhordlandsregionen vil delta på messa. I tillegg reknar me med om lag 600 andre besøkjande på messa desse 2 dagane. Elevane vert fordelt slik at me får eit jamt besøk begge dagane. Publikum kan vitje messa begge dagane i opningstida. Besøkstalet for messa i 2023 (var ikke messe i 2021 og 2022) var omlag 3000 og det var over 74 utstillarar i messehallen noko som er så godt som fullt. Først til mølla prinsippet vil bli brukt, så vær ute i god tid.

Mange utstillarar melder til oss at dei ynskjer at elevane må få tilsendt oppgåver som er knytt til utdannings- og yrkesvalet sitt. Til dette kan me opplyse at alle elevar i 10. klassetrinn får tilsendt ei elevoppgåve i god tid før messa. Me oppmoder sterkt skulane til å leggja til rette for å dele ut denne oppgåva for deretter å samle dei inn for så å sende svara tilbake til oss innan medio februar. Denne oppmodinga vart tatt opp i møte med rådgjevarane frå ung. skulane i september og i følgebrev med oppgåva til skulane. Dei to skulane som sender inn flest elevsvar til oss blir premiert og to elev som har levert elevsvar vert trekt ut til å vinna eit gåvekort.

Ein del utstillarar etterlyser eit større engasjement frå elevane og det kanskje med rette, men det viser seg at dei utstillarane som har ein eller annan form for konkurranse, quiz eller på annan måte arrangerer eit «trekkplaster» å standen sin, melder om stort besøkstal og engasjerte elevar. Som nemd tidlegare i denne invitasjonen inviterer me kvar haust alle ungdomsskulane og dei vidaregående skulane i regionen vår til eit møte på Grand Hotell der me samtalar om messa som var og får innspel til kommande messe. På møtet oppmoder me alle skulane til å motivere og førebu elevane til å være godt budde til møte med utstillarane under messebesøket.

Søsterorganisasjonen til Rotary, Stord Inner Wheel, har ansvaret for kiosksalet og dei melder at dei vil vidareføre opplegget som tidlegare. Her kan ein nytta Vipps som betalingsmåte i tillegg til kontant-betaling. Ordninga med å ”handle på borg” for utstillarane held fram som tidlegare. For å lette arbeidet med omsyn til fakturering ber kioskvertane at alle som hentar ut mat på utstillar sin rekning kvitterer for dette.

Som messearrangøren legg me til rette for sortering av boss i messehallen og me vil oppmode alle utstillarane til å ta del i dette viktige arbeidet.

Stord Rotary Klubb sitt mål med Utdanningsmessa er å gje elevar som skal søkje utdanning ei god, variert og informativ orientering om utdanningsvegar, fag og yrke slik at dei kan gjere eit godt og framtidsretta utdannings-og yrkesval. Utdanningsmessa for Sunnhordland er også ein viktig arena for dei som ynskjer å marknadsføra seg overfor elevane i regionen vår. Me vonar derfor at du som utstillar legg vekt på god profilering og ein aktiv informasjonsflyt til elevane i messehallen.   

Kvart år vert  ”Beste stand” frå sist messe kåra og premiert under den offisielle opninga 1. messedag.

Utdanningsmessa for Sunnhordland ynskjer etter kvar messe å forbetre den tekniske kvaliteten på arrangementet. Me oppmoder derfor alle utstillarane å ta del i evalueringa etter messa.

Før messa vil me sende ei elektronisk ”Utstillingsmappe” til utstillarane der me orientere om gjennom-føringa av messa.

Heimesida vår, www.utdanningsmessa.no vil frametter bli oppdatert etter kvart som informasjon om kommande messe vert klar. Her kan me også som tidlegare år, tilby marknadsføring av verksemda Dykkar. (sjå vedlegg 2)  Kryss av på påmeldingsskjema om ein ynskjer slik profilering.

Opningstidene for messa blir:

  • Onsdag           24. januar        kl. 09.00 – 14.00
  • Torsdag           25. januar        kl. 09.00 – 14.00

Messa er open for publikum begge messedagane.

Alle utstillarane må setja opp standen sine kvelden før, slik at alt er klart til opning dagen etter. Det vil bli tilkomst i messehallen for rigging tysdag 23. januar mellom kl. 16.30 – 21.00. Messehallen er open onsdag 24. januar frå kl. 07.15 og alt må være klart i hallen seinast kl. 08.30.

Påmeldingsskjema må sendast inn via vår heimeside.

INNAN ONSDAG 15. NOVEMBER 2023.

Har De ynskje om plassering i messehallen, må påmeldingsfristen til messa haldast. Då kan me ta omsyn til dette når me starter arbeidet med å plassera utstillarane på messekartet.

Alle utstillarane får tilgang til trådlaust internett i messehallen, straum, eit stort bord og 2 stolar. Om ein treng fleire bord og stolar så ordnar me dette etter at utstillar er på plass. Me vil oppmode utstillarane til å notere ned rett faktura-adresse og ressursnummer/referansenummer på påmeldingsskjema. Dette er for å lette arbeidet vårt med fakturering/EHF-fakturering.

Sidan Stord Rotary Klubb sjølv utfører sekretærteneste for messa, ber me om at alle spørsmål angåande messa og påmeldingsrutinar vert retta til underteikna, mobil 99118950 eller e-post: utdanningsmessa@hotmail.com

Velkommen til Utdanningsmessa for Sunnhordland 2024.

Med helsing

Kurt Grundvold

Prosjektleiar Utdanningsmessa for Sunnhordland