Påmeldingsskjema skular

Sponsorar

INVITASJON TIL Å BESØKJE UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND 2024

Den årlege Utdanningsmessa for Sunnhordland vert arrangert for 32. gong i Stord Idrettspark, Vikahaugane, onsdag 24. og torsdag 25. januar 2024 og skulen Dykkar vert med dette invitert til å vitja messa ein av desse to dagane. Kvar klasse vil få 2 klokketimar til rådvelde i messehallen.

Me reknar med at omlag 2700 elevar og lærarar frå ungdomskular og vidaregåande skulane i Sunnhordlordland kjem innom messa og dei vert fordelt over begge dagane. Sidan me har trong for å leige inn transportør for å frakte ein del elevar til/frå messa, vil dette til ein viss grad bli styrande for kva dag og tid skulen Dykkar får besøkje messa.

Gratis elevtransport gjeld elevar i ung. skule og vid. skule som treng busstransport til /frå messa.

Ynskjer som den enkelte skule har, vil me så langt det lar seg gjere ta omsyn til.

Opningstidene for messa vert:

  • Onsdag 24. januar      kl. 09.00 – 14.00
  • Torsdag 25. januar     kl. 09.00 – 14.00

Messa er open for publikum i opningstida begge messedagane.

Me ber om at skulen sender påmeldingsskjema

innan onsdag 15. november 2023.

Det er særs viktig at skulane held påmeldingsfristen sidan me skal innhente anbod på elev-transporten frå fleire transportørar.

Sidan Stord Rotaryklubb sjølv utfører sekretærteneste til messa ber me om at alle spørsmål om messa vert retta til Kurt Grundvold – mobil 99118950 eller e-post: utdanningsmessa@hotmail.com