Stord Rotary Klubb er no svært glade for å arrangera Utdanningsmessa for Sunnhordland i januar 2023.
Det har vore 2 år med pandemi, slik at det ikkje har vore mogleg å avvikla utdanningsmessa i 2021 og 2022.
Vi ser no at det går godt i norsk næringsliv og at det er stor trong for å rekruttera arbeidskraft. Difor meiner vi det er særs viktig for skular og næringsliv å vera med på denne utdanningsmessa for å gje dei unge informasjon om kva dei kan velja når dei skal ta utdanning.