UNGDOMSUTVEKSLING
Ungdomsutveksling er ein del av Rotary si internasjonale teneste og har som mål å fremja forståing mellom ulike land og kulturar.
Ungdomsutvekslinga skjer på ungdomsleirar
eller eitt år med skulegang på high school/vidaregåande skule.
Utvekslingselevane skal vera mellom 16 – 18 år
når dei reiser ut, og må godkjennast av ein Rotaryklubb og av ansvarleg leiar for ungdomsutveksling i Rotarydistriktet.
Når ein student reiser ut, kjem det samstundes
ein student frå utlandet tilbake til den lokale Rotaryklubben.
Sponsorklubb/utsendarklubb må stilla som
vertsklubb for den studenten som kjem. Til vanleg skjer det utveksling frå distrikt til distrikt, slik
at studenten som kjem inn, kjem frå same landet
som klubben sender ein student ut til.

KVEN KAN SØKJA:
• Du som har avslutta 1. eller 2. klasse på vidaregåande skule
• Vera sosial, utadvent, moden og reflektert
• Vera motivert for å læra nytt språk og ein ny
kultur
• All ungdom som anbefalast av ein Rotaryklubb
– også born av rotarianarar
www.re.rotary.no

RYLA – ROTARY YOUTH
LEADERSHIP AWARD

RYLA står for Rotary Youth Leadership Award –
det vil seia Rotary sitt leiarseminar for ungdom.
Offisielt Rotaryprogram sidan 1971.
Målsetjinga med RYLA er å gje framtidas leiarar impulsar og idear til godt leiarskap innan næringsliv, organisasjonsliv og forvaltning.
Målgruppa er ungdom av begge kjønn i alderen 19-24 år (i nokre tilfelle 18-35 år) som har synt
initiativ, evner og vilje til sosialt medansvar ved
å vera leiarar innan speidaraktivitetar, musikkorps, elevråd, studentorganisasjonar og potensielle leiarar i næringslivet.
Seminaret vert gjennomført over ei langhelg.
Ved fullført seminar vert det utdelt ein offisiell
RYLA-diplom, underteikna av arrangørklubben
sin president og guvernøren i distriktet. Diplomet
vert skrive av Rotary International i Zürich.
Stord Rotaryklubb dekkjer kostnadane med seminaret.
Etter seminaret vil dei ungdomane som Stord
Rotaryklubb har sponsa verta inviterte til å halda
eit foredrag om opplevingane sine på seminaret.
Fleire ungdommar frå Sunnhordland har representert Stord Rotaryklubb på RYLA-seminar dei
seinaste åra. www.rylavest.no

UTDANNINGSPROGRAM
Studiestipend (Ambassadorial Scholarships) –
1-årig akademisk eller 1-2 årig «degree-orienterte»
studium i eit anna land. 3-6 månadars språk- og
kulturstudium.
Rotary World Peace Scholarships er eit 2-årig
stipend for å studera ved eitt av sju utvalde universitet som i partnarskap med Rotary Fondet
(TRF) har etablert studieopplegg for internasjonale forhold, konfliktløysing og fredsarbeid.
Kvart distrikt kan senda inn ein søknad som
deltar i den internasjonale konkurransen om å
få eitt av dei rundt 60 stipenda som vert delt ut
kvart år.
Søknadsfrist TRF er 1. juli.
Klubbane i vårt distrikt har freist til 1. juni
med å senda søknadar til distriktet sine TRFansvarlege.

GEORGIA ROTARY STUDENT PROGRAM (GRSP) –
ROTARY – STIPEND TIL USA.

Rotarianarane i Georgia, USA har etablert eit
program som kvart år deler ut eittårige stipend
til studentar mellom 18 og 24 år, for å studera ved
college og universitet i Georgia, USA.
Programmet er eit ledd i Rotary sitt arbeid for
internasjonal forståing, samhald og fred. Rundt
90 studentar frå store delar av verda får kvart år
denne verdfulle moglegheita i eit internasjonalt
studentmiljø.
Eit «scholarship» dekker alle skulekostnadane
for eit år, i.e. studieutgifter, bøker, studentbustad
og mat på studiestaden. Kandidatane dekker
sjølve reisa til/frå USA, forsikringar og lommepengar. Studietilbodet dekker dei fleste fagområde, men ikkje medisin og tannpleie. Ein søkjer
ikkje på studiestad, men vert fordelt av Georgia
Rotary Student Program til ein studiestad som
tilbyr det fagområdet ein har søkt på.
Søknadsfristen er 1.oktober året før ein skal
reise ut.
www.grsp.org