Utdanningsmessa 2024

Sponsorar

Utdanningsmessa for Sunnhordland 2024 står no for døra. Det er også i år som i fjor mange utstillarar, alle standplassane er fyllt opp. Det vert også eit høgt tal skuleelevar som vil besøkja messa – vel 2.500. I tillegg kjem det ein del andre som er interessert.

Når vi ser på utstillarane så er det stor variasjon innafor ulike sektorar og utdanningsinstitusjonar.

Stord Rotary Klubb og Prosjektgruppa ser fram mot messa og vonar at elevane vil få eit betre grunnlag for å velja kva dei vil ta av utdanning og kva for yrke dei kan tenkja seg i framtida.

Vi gleder oss og ønskjer alle velkommen til å besøkja messa.