Utdanningsmessa for Sunnhordland 2026 er no gjennomført. Vi fekk dessverre ikkje plass til alle som ønskjer å vera med som utstillar. Vi opererer no med venteliste til messa i 2027. Dette året ha 76 utstillarar, og det er stor spreiing innan ulike greiner i næringslivet. Det var 39 utstillarar frå privat sektor, resten var frå offentleg sektor, kommunar, skular og opplæringskontor samt ulike etater.
Det vert også eit høgt tal skuleelevar som kjem innom messa. I tillegg kjem det andre interesserte personar. Totalt reknar vi med at omlag 3.500 vil vitja Utdanningsmessa også i år.
Også dette aret er det positive tilbakemeldinger frå utstillarane. Dei kommenterer at elevane no er meir aktive og interesserte.
Ut frå tilbakemeldingar vi har fått frå skulane som vitja messa, var dei svært nøgde. Elevane og gav uttrykk for at det hadde vore nyttig for dei i samband med å velja framtidig yrke.
Også i år vil Stord Næringsråd vera med og ha eit Miniseminar med interessant tema.
Vi har også eit høgt tal sponsorar, noko vi er svært glade for. Alle kommunane i Sunnhordland gjev også tilskot til messa, tusen takk!
Vi i Stord Rotary Klubb og prosjektgruppa for Utdanningsmessa ønskjer å retta ei stor takk til utstillarar og skular melder seg på.
Utdanningsmessa i 2027 er ikkje fastsett enno.









































