Utdanningsmessa for Sunnhordland 2025 er godt i gang med planleggjinga av messa. Påmelding av utstillarar går fint, det ser ut til at vi skal nå det same tal som i 2024. Det vert også eit høgt tal skuleelevar som kjem innom messa. I tillegg kjem det andre interesserte personar. Totalt reknar vi med at omlag 3.500 vil vitja Utdanningsmessa i år.
Ut frå tilbakemeldingar vi har fått frå skulane som vitja messa, var dei svært nøgde. Elevane og gav uttrykk for at det hadde vore nyttig for dei i samband med å velja framtidig yrke.
Vi i Stord Rotary Klubb og prosjektgruppa for Utdanningsmessa ønskjer å retta ei stor takk til utstillarar og skular melder seg på. Vi er også takknemlege for alle sponsorane som bidreg.
Utdanningsmessa i 2025 vil bli 22. og 23. januar.
Med helsing
Kurt Grundvold
Prosjektleiar